Sommartokt med Gurine 2021 – Invitasjon til dere som har andelsbrev

Som eigar av andelsbrev vert du rekna som aktiv medlem i Interesselaget for Galeas Gurine og har rett til å bli med på tur. No inviterar vi til å bli med på sommartokt.

Sommartoktet går over åtte veker med start frå Rosendal grytidleg 21. juni. Vi seglar «vekestokt» på seks dagar (søndag kveld – laurdag ettermiddag) med faste hamner kvar helg der vi byttar mannskap. Etter Rosendal blir det Kr.sund, Brønnøysund, Bodø, Skipnes (i Vesterålen) og så dei same hamnane på returen.

Mellom helgehamnane vil vinden i stor grad bestemma kor vi drar. Stort sett vil vi gå til hamn om kvelden, men om tilhøva er gode kan det og bli nattseglas. Ein bestemmer sjølve kor mykje ein vil ta del i seglinga.

For «vekestokta» blir det ombordstigning blir søndag kveld (slik at vi kan segla avgarde grytidleg mandag morgon). Avmønstring skjer laurdag ettermiddag.

Prisen er kr. 7 500,- per veke (søndag kveld til laurdag ettermiddag), som går til å dekke kost, losji og driftstutgifter.

Frist for å senda inn skjema er 14. april.

NB! Dette skjemaet er for å melda ønskje. Oppgi når du/dykk helst vil reisa. Om det er mange som ønskjer å vera med i same veke kan vi ikkje garantere plass. Det kan bli loddtrekning. Du vil få stadfesting av om du har fått plass.