SKUTEFEST I ROSENDAL
23.-25. august 2019

Skutefesten i Rosendal fokuserer på skuter, historie, tradisjonshandtverk og kystkultur. Det blir foredrag, mat, aktivitetar, humor, musikk og skutebesøk.
I år blir det ekstra stas når «Gurine» skal døypast på nytt etter eit åtte år langt dugnadsprosjekt. Dessutan vil Helge Jordal framføra «Terje Vigen» på dekket til Gurine.

Program (med forbehold om endringer)

FREDAG 23. AUGUST

Ettermiddag: Skutene kjem sigande inn til Rosendal
Kl 1900: Teltet opnar
Kl 2000: Skutekro med musikk, allsang og betasuppe. Kristian Bringedal har med seg Rustne Menn som leier an med musikk og allsang. Det blir ei runde med åresal der ein kan vinna ein tur på fjorden med Gurine. Harald Oma vil vise fram den nye hekksbåten til Gurine, som han har laga. Dessutan kjem Helge Jordal!

LAURDAG 24. AUGUST

Kl 0930-1200: FOREDRAG  [KJØP BILLETT HER]
0930: Morten Hesthamar: «Prosjektet Bankskøyta»
1020: Anders Jordal: «Gurine fra 1875 til i dag»
1110: Jørn Øyrehagen Sunde: «Norske skipsforlis»

Kl 1000-1600 Torgdag og aktivitetar. Salsboder, handtverk, mat og musikk. Knuteverkstad med Eirik Skaala og Ben Brynhildsen. Musikkverkstad for born med Kari Malmanger. Gurine har kafé i Folgefonnsenteret frå kl 12-16 med kaffe, pølser, brus og kaker.

Musikkverkstad med Kari Malmanger
Kari held musikkverkstad for born kl 1100, 1130, 1200, 1400, 1430 og 1500. Kari har med litt rytmeinstrument og songar med tema om sjø og båt. Det blir økter på 15-20 minutt. Musikkverkstaden er ope for alle, men  passar nok best for dei mellom 5-10 år.

Kl 1230: Dåpssermonien startar. Musikk ved Kari Malmanger, Rosendal Songlag, Rosendal musikklag. Helge Jordal framfører «Terje Vigen». Skuta blir døypt av to kvinner med eit langt forhold til Gurine, nemleg Evelyn Alma Lynghaug Gustavsen og Guri Rørtveit.

Kl 1600: Foredrag – [KJØP BILLETT HER]
1600: Morten Hesthamar: «Prosjektet Bankskøyta»
1650: Jørn Øyrehagen Sunde: «Norske skipsforlis»
1740: Anders Jordal: «Gurine fra 1875 til i dag»

Kl 1600: Teltet opnar med servering og godstemning.

Kl 2000: Skutefest i teltet med rorbustemning, musikk og fiskesuppe.
Det blir gode historier og «husband» med mange ulike musikkinnslag. Dessutan «motormusikkquiz» der ein skal gjette både på musikk og motorlyd. Medverkande mellom anna Helge Jordal, Kari Malmanger, Arne Torget, Ingebjørg Eik, Kristian Djupevåg, Bjarne Øymyr og Gunnar Våge med fleire!