Rigging pågår!

Sist veke blei mastene frakta med bil frå Årsnes og inn til Rosendal. No ligg dei på kaia, og blir klargjort for rigging. I løpet av veka som kjem vil mastene bli heist på plass. Det skjer truleg på torsdag.

Arbeidet blir leia av Ben Brynildsen, ein av dei mest erfarne riggarane i landet. Han meiner arbeidet vil vera ferdig i god tid før Skutefest i Rosendal 23.-25. august.