Nye milepæler!
Det er fantastisk driv i dugnadsarbeidet på Gurine for tida. Veke for veke skjer det stadig nye ting – og vi oppmodar alle om å ta ein tur for å sjå. Dugnadsgjengen er på plass måndagar og torsdagar frå kl 09.00.
Når Målaregången (som går rundt heile skuta) no er på plass kan vi verkeleg sjå Gurine sin flotte fasong!
Sist veke er heile skuta blitt jekka opp – opp mot ein halv meter. Det er fleire grunnar til dette. For det første blir det enklare å jobbe på den nedste delen mot kjølsvinet. Men det er og for å gje Gurine form. Ein jekkar høgare opp framme og bak, slik at heile skuta får litt spring.