Når blir det min tur?

Er du ein av dei som ventar på å komma på tur med Gurine? I så fall er du i godt selskap.

Det har vore ei fantastisk oppslutning om Gurineprosjektet, heilt sidan skuta kom til Rosendal i mai 2011. Heile lokalsamfunnet har stilt opp og vore med på Gurine-dugnaden. Dugnadsgjengen som har halde på med ein heilt fantastisk arbeidsinnsats i Gurine-fjæra gjennom åtte år, leverandører som har stilt opp, sponsorar som har bidratt, dugnadsinnsats på basar og skutefest, og alle som har kjøpt andelsbrev og støtta raust opp om basarar og arrangementer. Det heile har vore eit unikt prosjekt som manglar sidestykke, og resultatet er eit smykke av ei skute.

Men den fantastiske deltakinga betyr og at det er mange som står for tur for å bli med ut på fjorden. Til saman er det faktisk fleire hundre som er lova tur med Gurine:

Det gjeld:

  • Dugnadsgjengen, som har lagt ned eit enormt arbeid gjennom snart 10 år!
  • Dei som har kjøpt andelsbrev
  • Sponsorar
  • Dei som har vunnet tur med Gurine på basar eller utlodning
  • Dei som skal bli mannskap på Gurine

Dessutan er Gurine avhengig av inntekter, og vil bli leigd ut til ulike turar og arrangement.

Gurine er no over i driftsfasen, og er framleis eit dugnadsprosjekt. Det betyr at ein treng mannskap som har sertifikater og er trente, og som kan stille opp gratis. I første omgang må vi prioritera opplæring av mannskap og skipparar, slik at det blir nok folk som kan ta Gurine ut på alle dei turane vi skal ha.

Det vil difor ta tid før alle som er lova tur får komma seg ut på fjorden. Vi blir neppe ferdige med dette i år. Så vi ber folk vera tolmodige. Vi kan forsikra om at alle som er lova tur vil bli kontakta etter kvart.

Slik er det berre. Utan alle dere som har stilt opp hadde det ikkje vore noko skute. Håpar alle har forståing for at dette kjem til å ta litt tid!

Beste helsing
Interesselaget for Galeas Gurine