Meir enn 300 på Gurine-basar!

Fantastisk oppslutning om Gurine-basaren laurdag kveld. Godt over 300 fann vegen til Gurine varven – der det var god gamaldags basar-stemining med åresal, levande musikk med Jazzverket, brus, is, kaker, pølser og mykje meir. I fjøra var det populært med kanopadling. På land var det tautrekking. Og jamvel var det ikkje kanonsalutt og.

Å arrangera ein så stor basar krev mykje førebuing – særleg på eit jorde utan infrastruktur. Lars Johan Nes som eig fjæra ved siden av Gurine pleier å ha rundballane liggjande der. Men i år måtte ballane frå førstslåtten få ein ny lagringsplass. Så var det fram med gravemaskin og store mengder stein og pukk for å planera ut ein plass der ein kunne setja opp bord og stolar. Ute på piren blei det bygd bål, og etter kvart kom det på plass bord og benker og salsboder og kjøledisker osb. Mykje arbeid, ja – men i kjent Gurine-stil var det visst ingen som var redde for å ta i eit tak.

Inne i verkstaden vart det demonstrert korleis ein lagar trenagla som huda skal festast med – og framsyning av bilete frå heile prosjektet. Seinare vart det demonstrert korleis desse vart slegne inn for å feste huda og garneringa til spanta. Det var stor interesse blant publikum for å sjå korleis dette vart gjort. Etter kvart kom basen sjølv, Kristian Djupevåg, opp på scena med trekkspelet og skapte godstemning i det St. Hans-bålet vart tend på.

Liten tvil om at dette vart ein suksess! Men óg økonomisk vart det vellukka – med brutto inntekter på ikkje mindre enn kr. 64.000,-! Fantastisk.