Gurine – mai 2015
Under kjølen er ein i gong med å montera tjukke stålplater som både skal gi vekt, og beskytte bunnen av kjølsvinet.
I tillegg til alt arbeidet med sjølve skuta har ein og gjort utbetringer på varv-området – mellom anna med ein ny platting utafor kaffebua.
Og i heile vinter har det vore opp mot 20 mann på dugnad på måndagane, og litt færre på onsdagane. Eit fantastisk miljø – og entusiasmen lever i høgste grad – no når ein straks har halde på med dugnad i fire år!
Vi legg til at det blir basar på varvaplassen slik som i fjor. Den var særs vellukka – og datoen er satt til 20. juni. Vi kjem attende med meir detaljar…
19 mai, 2015