Sidan Interesselaget for Galeas Gurine vart skipa i april 2011 har Anders Jordal leia det svært omfattande dugnadsarbeidet. Jordal har signalisert at han har ønskt å sleppa til nye krefter, og på årsmøtet for interesselaget 24. februar gjekk han av som styreleiar. Nyvald styreleiar er Lars Djupevåg.
Gurine vart henta i Bergen i 2011. Ho vart plukka frå kvarandre og bygd opp att frå botnen av – bokstaveleg tala. Eit ufatteleg arbeid som sette enorme krav til å skaffe kunnskap, pengar og alt av ressursar som ein trong i arbeidet. Og ein logistikk utan like. Det fanst ingen teikningar, ingen oppskrift. Alt måtte organiserast og planleggjast – og ein måtte finne løysingar på ting som svært få hadde kunnskap om.
Men skuta blei bygd ferdig og kom på sjøen i 2019 etter omlag 50.000 dugnadstimar. Etter at riggen kom på plass gjekk prosjektet over frå byggefase til driftsfase. Ein trong folk som kunne segla, ha dei rette papira, og framleis trong ein inntekter for å halde skuta i drift. Det blei organisert kurs for at mannskapet skulle få teke naudsynte sertifikat, og gjennomført intensiv opplæring.
Resultatet er no at skuta er eit skinande smykke, «ho gjer godt i auga», som dei gamle fartybyggjarane sa. Ein har fått til ein organisasjon som har synt seg å vera berekraftig. Det er ein god gjeng som er med på arbeidet med å halde skuta i drift – og som syt for at ho kjem ut og seglar. Det krevst og inntekter for å halde skuta i god stand, og ein må setje av midlar med tanke på framtidig vøling.
I tillegg har Gurine (og heile bygda) fått eit flott bygg (“Nyasago”) i Gurinefjero, som kan nyttast til forsamlingslokale, og til riggeloft for lagring av rigg osb. til Gurine. Der er det og verkstad, som ein treng for å vøle ei skute som Gurine.
Det er mange som har teke del i dugnadsarbeidet rundt Gurine – på ymse vis. Jordal si rolle har til dels vore lite synleg. Men han har jobba på full tid med dette prosjektet sidan starten i 2011. Tusenvis av telefonar, innhenting av kompetanse, diskusjon av løysingar med fagfolk, innkjøp og ikkje minst arbeid med å skaffe midlar. Vi er mange som er kraftig imponerte – og svært takknemlege – for den innsatsen han har lagt ned gjennom alle desse åra.
No som Gurine er “trygt i hamn” og klar for nye seglasar, har Jordal vald å trekkja seg tilbake. Han vil nok framleis vera skipper på Gurine i blandt, og delta i ulike aktivitetar, men det blir ikkje på heiltid.
Fleire har lurt på kven som kan vera i stand til å overta ein slik jobb. Vi meiner vi ikkje kunne vore meir heldige enn med den kandidaten vi har fått tak i! Lars Djupevåg er son av Kristian Djupevåg som leia dugnadsarbeidet med å byggja opp skuta. Lars har vakse opp i ein sponhaug i eit båtbyggeri, og har restaurert fleire trebåtar sjølv, og vore borti det meste som har med båtar å gjera. Han er utdanna maskiningeniør, og har tung fagkunnskap om alt ein finn av utfordringar i ei skute som Gurine. I tillegg har han solid leiarerfaring frå store organisasjonar og prosjekt, særleg innan maritim sektor.
Interesselaget er svært glade for at Djupevåg takka ja til oppgåva, og ser ljost på framtida – med ein ny generasjon Djupevåg ved roret!