Hekksbåt!

Det er ikkje berre i Rosendal det blir utført dugnadsarbeid. Harald Oma i Krikjen på Snilstveitøy har teke på seg oppdraget med å byggja ein heilt ny hekksbåt til Gurine.

Oma er ein svært erfaren båtbyggjar. Arbeidet starta etter nyttår – men sjølv med veldig mange andre jern i elden er båten snart klar.

Båten blir 12 fot lang, med skvær akterende. Oma har teke utgangspunkt i gamle bilete når han har gitt båten form.

Desse bileta er frå 2. februar.