Pga Korona blir det ingen Gurinebasar i år. Men vi håpar at eit lotteri kan hjelpa for å få inn dei inntektane vi er avhengige av for å halde skuta i Drift.

Du kan kjøpe lodd med VIPPS. Berre vipps eit beløp til 134 525, så blir det registrert som lodd til kr. 10,- per stykk. Og da har vi namn og telefonnummer.

Laurdag 27. juni blir det innspurt i loddsalet! Då finn du oss i Skålagato frå kl 10-16. Det blir gratis kaffe og kake, og is til dei yngste. Og nokre butikkar flyttar ut på gata.

Gevinstar

Stor takk til alle som har bidrege med gevinster!

  • Plenklyppar – Felleskjøpet
  • Espegård Bålpanne – Felleskjøpet
  • Leiketraktor med henger – Felleskjøpet
  • Slagboremaskin/skrumaskin – Kvinnherad bygg
  • Vannkikkert – Farge og interiør
  • Matkasse – Eurospar
  • Lokalmat – Elins matgleder
  • Elektrisk potetskreller – Power
  • Tursekk med innhald – Sporten
  • Tursekk med div innhald – Sparebank 1 SR Bank
  • Veske – Bokhandelen
  • + mykje anna!