Gurine «feira» nyttår i Risør i 1885

Måleri Risør - Severin Worm-Pedersen. Eigar: Norsk teknisk museum

Illustrasjonsbilete: Tegning av Risør av Severin Worm-Pedersen som levde på den tida Gurine feira nyttår i Risør. Biletet tilhøyrer Norsk Teknisk Museum.

Gurine har hatt eit langt liv. Det er mykje vi ikkje veit, og ein del av historia hennar er usikker. Av og til finn vi interessante opplysningar om «Gurine» – men det fanst fleire skuter med det namnet, og ofte er det andre skuter det gjeld. Men av og til dukkar det opp sikre fakta…

Folketeljing i 1885

I 1885 var det folketeljing i Noreg. Då vart det og ført «Skipslister» der ein registrerte folk ombord i fartyg som låg til kai eller var oppankra i byane. Vi kan difor slå fast at Gurine var i Risør 31. desember 1885. Folketeljinga fann nemleg stad på nyttårsaftan.

Desse var ombord

Namna på dei som er ombord lemnar ingen tvil om at dette gjeld «vår» Gurine. Her finn vi:

Endre J. Maakestad Født: 1830 Fødested: Ullensvang Yrke: Gaardbuger
Haldor S. Fresvig Født: 1848 Fødested: Ullensvang Yrke: Gaardbuger
Andreas Olai Kr. Gjerstad Født: 1866 Fødested: Tysnes Yrke: Sømand
Mikkel Olsen Bleie Født: 1832 Fødested: Ullensvang Yrke: Sømand

Kva ærend hadde dei?

Då vi la ut dette innlegget visste vi ikkje kva dei gjorde der nede. Men no har vi fått opplyst frå Elias Bleie at dei var på Sildefiskje. Forøvrig var Endre Maakestad – som var ombord i Risør – svoger til Jacob T. Bleie som tinga Gurine.

Då Gurine kom heim frå Sørlandet rusta dei ut skuta og dro ut frå Bergen 1. mars på Finnmarkstur. Den kan du lesa meir om her: Med Gurine til Finnmark i 1886

Ellers kan Verstasjonen på Oksøy fyr melda om 0 mm nedbør og middeltemperatur på 3,6 grader, med minimum på -3,0. Kanskje ikkje så langt unna ein typisk nyttårsaftan på dei kantar idag.

20 des, 2017