Interesselaget for galeas Gurine har inngått ein avtale om at alle 9.klassingar skal få vere med på tur med Gurine, som del av den kulturelle skulesekken.
Galeas Gurine blir no ein del av den kulturelle skulesekken i Kvinnherad kommune. Frå i haust får alle niandeklassingar vere med på tur med Galeas Gurine éin dag. Dette ein del av opplæringa om kystkultur, lokal historie og praktisk båtliv og segling.
I samband med formidling av kystkultur, inngjekk Kvinnherad kommune og Venelaget for Galeas Gurine i dag ei avtale om segling/tur med Galeas Gurine. Leiar i Interesselaget for Galeas Gurine, Anders Jordal, signerte avtale saman med kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik.
Interesselaget for galeas Gurine vil stilla med skipper og mannskap, og tek med totalt 190 elevar frå niande klassetrinn på sjøen. Her skal elevane få ei innføring i praktiske ting som navigering, segling, motorpass og utkikk. Dei skal lære om kystkultur, den lokale historia som er knytt til livet på sjøen, og dei får ein innføring i kor viktig samarbeid er, for å kome godt fram i lag.
(Tekst og bilete frå Kvinnherad Kommune.)
Foto: Marie-Louise Knoop/Grenda
Click here to add your own text