Fortjenestemedalje til Monsa-Knut´en

Knut E. Skåla – Monsaknuten fekk fortenestemedalje frå Kongen 14. oktober 2013.

Dette vart ein stor dag. Monsaknuten vart mest mållaus då han utan noko varsel i forkant vart overrekt fortenestemedalje frå Kongen på ein nesten heilt vanleg dugnadsdag på Gurinevarven. At noko var på gang skjøna han nok då sjølvaste ordføraren dukka opp med kake. Men at det var han sjølv som velfortent skulle vera i sentrum, sveiv han nok ikkje. Alle innbudte gledde seg storleg saman med Monsaknuten. Fleire organisasjonar kor Knut er sterkt engasjert gjekk i saman og skreiv kvar sitt innspel til kvifor nettopp Knut fortente dette. Kona fekk óg si del av æra, utan henne hadde nok Ikkje Knut hatt høve til å gjera så mykje for prosjekt som Vangssago, Kjeldestøl, Kystlaget og Gurine for berre å nemna nokre få. Vi gratulerer ein fantastisk føregangsmann, kunnskapskjelde, dugnadskar og inspirator for vel fortent ære.