Folkefest på Gurine-basar!
Nok ein gong kan Gurine konstatera «fullt hus» på basaren! Mellom 300 og 400 små og store møtte fram i fjæra. Vergudane forbarma seg nok ein gong og opna opp med eit pusterom mellom lavtrykka. Sjølv om basaren ikkje starta før kl 18, begynte det å samla seg folk allereie ved halv fem-tida!
«B-gjengen» – som er ein avdeling av Rosendal Musikklag – starta det heile med å framføra ein eigen fanfare. Deretter starta åresalet – og årane fekk bein å gå på. Dei vart utseld på kort tid, og flotte gevinstar fekk nye eigarar.
Nede i fjæra var det tilbod om padling. Ein svært populært aktivitet – kanoer og kajakker var ute på sjøen mest heile kvelden. Og så var det tenning av ikkje mindre enn to bål.
Og så var det omvisning på Gurine og i verkstaden. Det var stor interesse for å sjå på arbeidet som er gjort. Ein merkte seg og at det var ganske mange tilreisande som hadde teke turen til Rosendal – berre for å vera med på Gurinebasaren.
Seinare var det Kristian Djupevåg – eller «meisteren» som han og vert kalla – sin tur til å underhalda med trekkspillet sitt.
Økonomimessig var det nok ein gong knallsuksess! Litt fintelling gjenstår – men det er ingen tvil om at det kom inn meir enn i fjor – då resultatet endte på 120.000.
Då er det berre å sjå fram mot basaren i 2017!