På tur til Douarnenez

I fjor sommar fekk me vitjing av to personer frå Frankrike. Den eine, Laurent Perherin, representerte hamnemuseet i Douarnenez i nordvest-Frankrike . Den andre, Yves Tanguy , var representant for verftet som reparerte båtane for museet. Føremålet med besøket var å sjå korleis me løyste oppgåva vår med Gurine.

Dei hadde fått hand om ”Anna Rosa”, ei Hardangerjakt som vart bygd i Gausvik i 1890-åra og som heite ”Dagny” då ho var ny. Ein nederlender med namn Hans van de Vooren bygde om båten til seglføring igjen i Norge på 1970-talet. Meir om denne vitjinga finn du på loggen på heimesida.

Under vitjinga vart det snakka om gjenvisitt til Frankrike når ”Anna Rosa” skulle sjøsetjast. Utpå vinteren vart det ny kontakt med franskmennene. Me fekk vita at sjøsetjinga skulle skje i samanheng med den store båtfestivalen i Douarnenez i slutten av juli. Det var Karen Løfall Våge som held kontakten med franskmennene og som informerte oss om dette. Påmeldingsliste til turen vart lagd ut og det enda opp med at 11 stykker melde seg på. Ein av dei var Gisle Gausvik, tippoldebornet til Halvard (Gitlason) Gausvik, han som i si tid bygde ”Anna Rosa”, eller ”Dagny” som ho då vart kalla. I god tid før avreise fekk me beskjed om at sjøsetjinga var utsett til august, utan at det fekk innverknad på interessa for å reisa.

Me informerte om at me hadde med oss Gisle og at han ville ha med seg dokumentasjon frå Gausvik. Det er ikkje lite materiale han har samla omkring skipsbyggjinga i der. Han blei nærmast slukt opp av museumsleiinga i Douarnenez og blei ein katalysator for besøket. Me andre og, fire med ektefellar, fekk ei mottaking me ikkje kunne ha drøymt om. Laurent Perherin og kollegane hans på museet stod på pinne for oss. Museet med båtar, tablåar, restaurerte båtar og skip på hamna var eit syn. Det vart arrangert tur til skipsverftet der ”Anna Rosa” stod nymåla klar for sjøsetjing. Ho blei granska med argusaugo av Kristian Djupevåg og Monsaknuten. Det einaste dei hadde å setja fingaren på var målinga,(som vistnok var påførd førebels) ikkje var etter læreboka.

Det vart vitjing på restaurerte museeumsbåtar på hamna, på båtar som ikkje høyrde museet til og segleturar på fjorden for oss. I alt var det samla ca 600 båter til festivalen. Gjengen fekk ei sommaroppleving dei seint vil gløyma. Det høyrer med at me vart filma og vist på fransk fjernsyn. Gisle vart dessutan intervjua av to lokalaviser. Reisa kosta vi sjølvsagt sjølve.

Kristen Tore Christensen