Rundt klokka 14 segla Gurine på Sletta – kring Bloksen, då ein oppdaga at det hadde kommet inn ein del meir vatn enn det som er normalt. I utgangspunktet var dette ikkje dramatisk, men sidan situasjonen var uoversiktleg valde skipperen heilt korrekt å kontakta Kystradiostasjonen via VHF for å vera på den sikre sida.

Redningsskøyta og fleire andre båtar kom til. Men det viste seg ganske snart at Gurine klarte å pumpe ut vantnet med eigne pumper, og dermed var alt under kontroll. Det er vanleg at treskuter som har ligget i ro gjennom vinteren kan få nokre lekkasjar når dei kjem i bevegelse.

Gurine er på tur i helga med dugnadsfolk. Det heile var ikkje meir dramatisk enn at Gurine fortset turen, og går som planlagt til Espevær i kveld. Og stemningen ombord er som vanleg veldig god!