Status per 1. september 2015

Da er dugnadsarbeidet etter sommaren igang igjen. Nokon har kanskje følt at sommarferie utan Gurine-jobbing har vore vel lang. I alle fall har det vore folk innom og gjort småting her og der – gjennom heile sommaren.

Ein har og måtte ta imot ei rekkje besøkande. Gurine-prosjektet vekkjer stor interesse, og folk kjem frå inn- og utland for å sjå på arbeidet. Ikkje minst i samband med Tall Ships Race (Rosendal var “Cruise in company-hamn” i samband med TSR) var det mange ombord på skutene som gjerne ville sjå på det prosjektet dei berre hadde høyrt om. Vi treng vel ikkje nemna at dei fleste som kjem innom Gurine vert storligen imponerte!

Mange ynskjer og å ta del i prosjektet – sjølv om dei bur langt unna. Og i samband med vitjing har fleire teikna andelsbrev a kr 1000. Eit dokument som og gir eigaren rett til å verta med på ein tur med Gurine.

Topp stemning

I dugnadsgjengen er stemninga særs god, og mange er glade for å komme igang igjen etter sommaren. Folk storkosar seg, og det skjer nyrekruttering. Nokon kjem jamvel langveisfrå for å vera med. Jamt over talar vi om 12-14 – og heilt opp til 20 mann som har stilt på dugnadane. Dei finn stad på dagtid kvar måndag og onsdag. Om du ynskjer å bli med er det berre å stille i kaffibuo kl 9.

Ein av målsetnadene med prosjektet har vore at deltakarane skal lera seg det gamle handtverket, som langt på veg er i ferd med å forsvinne. Det er difor ekstra kjekt å sjå at fleire i dugnadsgjengen no er blitt drevne i faget, og har fått handverket inn i fingrane. Som t.d. når det gjeld å stikka hudplank, steame dei og få dei på plass på skuta. No er det hud og garnering som står på planen – og allereie første veka etter ferien fekk ein på plass seks hudplankar!

Fast varvplass

Varvaplassen Gurine-gjengen har bygd opp har fungert særs bra – og det har lenge vore eit ynskje om å få kunne ha denne fjøra på meir permanent basis. Det er kommunen som eig her, og no har kommunen gitt Gurine-prosjektet disposisjonsrett over varven i 30 år. Dermed kan ein planleggja betre og få på plass meir permanente løysingar. Ein av desse gjeld kaiplass. Når Gurine kjem på sjøen treng ho jamnleg vedlikehald. Det vil difor vera viktig at ho kan ha kaiplass ved varven, slik at ein kan utføre reperasjonar og vedlikehald osb.

Planer for hausten

Utover hausten no er det hud og garnering som står på kjøyreplanen. (For novisar: hudplank er det som er ytterst på skroget utenpå spanta. Garnering er det som er på innsida av spanta). Ein reknar med at dette arbeidet er ferdig til jul. Og om det blir tid vil ein og starta arbeidet med skandekket (delen av dekket som går ut mot rekka) og rekkestøtter. Det er grunn til å tru at vi er langt på veg med å leggja dekket til neste sommar.

2 sep, 2015