Fyllingsskål for Gurine
Fyllingsskål er namnet på markeringa av at siste hudplank kjem på plass på skuta. Hendinga vart markert på Gurine 7. desember (2015). Planken blei satt til koking tidleg på morgonen, og etter kvart dukka det opp skodelystne, dugnadsarbeidarar, pressefolk og sponsorar. Dei frammøtte fekk sjå korleis det går føre seg når ein sett inn ein hudplank, og etter kvart vart det feira både med bløtkake og noko sprudlande i glaset. Tradisjonelt har det vore reiaren (som hadde bestilt skuta) som slo i siste trenaglen. Denne gongen var det Geir Skåla – som representant for hovudsponsorane – som fekk den store æra. Dette fann stad etter at prosjektet no har runda 22.000 dugnadstimar!
Nesten 2 km plank
Dei fleste forstår at hudplank er plankane på utsida av spanta. Men på innsida er det og ein tilsvarande «hud» som har fått namnet garnering. Plankane er 2,5 tommar breie. Og samla sett har det gått med nesten 2 kilometer med plank for til hud og garnering. I tillegg er det blitt laga omlag 2000 trenaglar opptil 60 cm lange. Desse blir slått frå utsida gjennom hudplanken, spantet og garneringa på innsida. Dei er laga av «avskjær» frå hudplankane. Både hud, garnering og trenaglar er laga i furu.
Nytt ord på Internett!
Om du ikkje har høyrd ordet «Fyllingsskål» tidligare er det kanskje ikkje så rart. Etter siste opptelling (som ikkje vart gjennomført av Gurine-redaksjonen) består Internett no av minst 4,73 billioner nettsider, og øker med flere milliarder sider kvar dag. Likevel hadde ingen funnet plass til ordet «Fyllingsskål». Det har no Gurine-prosjektet no ordna opp i!
Dette kan kanskje høyrast ut som ein kuriositet – men det er heilt klart at Gurine-prosjektet bidreg til å hindre at ord forsvinn frå språket vårt. Særleg deltakarane i dugnadsgjengen har lært seg mange av dei gamle orda når det gjeld ulike delar båten består av, sjølve handtverket og heile prosessen med å byggja ei treskute. Og dei har efart at det er svært praktisk å ha presise namn på ting når ein skal jobbe saman.