Gurine blei bygd i Rosendal i 1875. I 2011 kom ho tilbake til «heimbygda» for å bli restaurert. Ho vart sjøsett og døypt i 2019, og etter 10 år og 50 000 dugnadstimar er skuta komplett!

Leiarskifte i Interesselaget for Galeas Gurine

Lars Djupevåg er vald som ny leiar i Interesselaget for Galeas Gurine etter at Anders Jordal har takka av.

Årsmøte

Det blir årsmøte 24. februar kl 19:00 i Nyasago i Gurinefjero

Bli aksjeeigar!

Gurine kjem neppe på Børsen. Men om du kjøpar eit aksjebrev (kr. 1000,-) i Gurine vil du bli beden med på tur. (Ettersom det er mange som ønskjer å støtte Gurine kan det ta noko tid før det blir din tur). Dette er og ei ypperleg gåve til den som alt! Ta kontakt!

Historia kort fortalt

Gurine vart bygd i Rosendal i 1875. Etter fleire mannsaldrar på havet kom ho tilbake hit i 2011. 10 år seinare er skuta ferdig rigga. Det har kosta ti millionar kroner og 50 000 tusen dugnadstimar. I april 2020 var Gurine på fjorden med segl for første gong etter restaureringa.