Travel haust på Gurine!

Det har vore ein travel haust på Gurine. Som vanleg. Opptil 18 mann har møtt opp to dagar i veka. I haust har ein jobba med å få «proppa» skuta. Ein har kjøpt inn 160 meter med galvanisert 20mm stål som kappast opp i ulike lengder etter behov. Dei vert gjenga med gjengemaskin. Ein har fått på plass 14 reidere (ridere). Det er stålbeslag som alle er spesialtilpassa. Dei er lagde på Hellesøy verft og har fått mykje skryt. Dei er så galvaniserte på Sotra og så malt svarte. Frakta er det lokale folk som har teke på seg – heilt gratis.

Alle knær er no montert og bolta fast i skutesida og dekksbjelker. Dei to ytterste bjelkane i skandekket er skorne til med motorsag og høvla – særdeles flott arbeid. Det blir og montert ein bjelke innanfor skandekket på 3 tommar som blir felt en tomme ned i dekket. Her er det snakk om furu som er spesielt skore til dette formålet.

Når det gjeld riggen har Ben Brynildsen – profesjonell utdanna riggar – hatt eit opphald på Gurine i haust. Han har bidratt med energi og kreativitet – og har beslått wire med tjæretråd med sin eigenutvikla maskin. Og ikkje minst har han sagt seg villig til å vera med på å rigge skuta ferdig – på dugnadsbasis.

Spanande vinter og vår!

Utpå nyåret er det klart for å leggja dekket. Første skritt er å montera ein «fres» (molding). Ein har fått kjøpt ein gammal fres frå Lio Sag. Den monterar ein no i «gamlesaga» i Skålafjæra. Den maskinen hølver på alle sider og kan i tillegg laga spor for nat – som ein treng når ein skal leggja dekket.

Motorfundament og hylse er langt på veg ferdige. No skal ein planleggja montering av diesel- og motoroljetankar. Og til våren skal motoren monterast.

1. april blir ein spanande dag. Då kjem nemleg mastane (som no ligg ferdige i Birkeland). Dei vil bli frakta med båt frå Sørlandet. Utanfor Leirvik vil ein leggja dei på sjøen – og så vil Gurine-gjengen taua dei inn til Rosendal med småbåtar.

Då ynskjer Gurine-gjengen alle ei riktig god jul og godt nyttår!