Status per februar 2014

Sjå på desse bileta! Utrolig kva som skjer. Store endringar frå veke til veke! I løpet av dei to siste vekene er det meste av dekket fjerna. No er det stort sett berre eit ope skrog.

Snart er det klart for å leggja på hudplankar. Men først må spanta avrettast slik at det vert ein jevn fasong på skroget. Deretter skal det setjast på skråband i galvanisert jern i dimensjon 6×60 mm. Desse vil gå på skrå frå kjølen og oppover og bidra til å halda fasongen på skroget intakt.

Det er og nemleg slik at gamle trebåtar endrar fasong når dei ligg i sjøen. Ettersom det er mindre oppdrift framme og bak (enn på midten), har desse delane ein tendens til å synke ned. Vi har hørt at på ander jakter har midtre delen av skipet vore så mykje som 60 cm høgare enn baug og aktertemn. Så ille var det ikkje på Gurine, men ein har no jekka opp skroget framme og bak, slik at det blir ein bua fasong. Skråbanda vil hjelpe til med å halda på denne fasongen.

Når dette er ferdig er det klart for å leggja hud på Gurine.