Gurine på sjøen 16. juni!

Endelig!!!

Etter åtte år og bortimot 40 000 dugnadstimer blir det sjøsetting av ei nesten heilt ny skute søndag 16. juni. Hendinga vil finne stad når det er flo – det vil seia i elleve-tolv tida.
Gurine vil bli sjøsatt på moderne vis. Ein vil festa to stroppar under skuta, og så vil ei enorm flytekran løfte skuta opp frå bakken og ut på sjøen.
Vekta til Gurine er rekna til å vera omlag 75 tonn. Krana kan løfte 95 tonn på 60 meter, så da er det godt innafor.

Innspurt

No i innspurten går det på maling, lakking, bunnsmøring, montering av ror og pullerter/kryssholt. Dermed blir skuta i hovudsak ferdig utvendig.

På kaien i Rosendal i sommar

I sommar skal ein gjera ferdig resten av skuta – og gjera ho klar for døyping under Skutefest i Rosendal 25. august.
Skuta blir liggjande til kai midt i Rosendal slik at publikum kan følgja med på arbeidet i sluttfasen. Da vil ein mellom anna kunne sjå korleis ei skute blir rigga. Vidare skal ein gjera ferdig arbeid med innreiing, det elektriske, motor og anna som gjenstår.

“Nyesago” blir flytta 15. Juni

I Skålafjæro I Rosendal står det eit bygg som blir kalt “Nyesago”. Namnet kjem av at bygget var nytt i 1914, då det tok over etter den gamle saga.
Laurdag 15. juni vil “nyesago” bli flytta ut til Gurine-fjæra. Bygget målar 6×20 meter, og skal fraktast med same flytekrana som skal setja Gurine på sjøen.
“Nyesago” skal fungera som riggarloft, og ha eit brukslokale i første etasje.
Hovedstrukturen i bygget vil ein behalda, men det blir nytt golv på grunnplan – lagt på gamlemåten – og så vil ein byggja nytt tak over det gamle.
Huset vil få ein sentral plass i “Rosendal kulturhistoriske trebåtsenter”.