Gurine har fått ny «meister»

Sidan 2012 har Kristian Djupevåg leia dugnadsarbeidet på Gurine – alt frå rivinga starta til det meste av skuta er bygd opp att. Men på grunn av helsa måtte han trekke seg tilbake før jul i fjor.

Men til alt hell dukka Åge Hjortland opp som ein kandidat. Han har røter på Ølvesida og bur i Fitjar. Han er utdanna både møbelsnikkar og båtbyggjar, og har lang erfaring med å restaurera små og store trebåtar – også båtar på storleik med Gurine. Sjølv har han ein Colin Archer og ein spissgattar å halda på med!

Interesselaget er svært glade for at Hjortland kan leia arbeidet på Gurine no fram mot sommaren. Det er mykje spesialarbeide som må gjennomførast, men «alle» reknar med at Gurine blir å sjå på sjøen fram mot sommeren.

Det føregår mykje arbeid på Gurine både over og under dekk. Innreiinga av salongen er komme langt, og Leif Tore Nedrevåg held på med skipparlugaren.

I maskinrommet er det sveising av dørk som står på programmet.

Ellers er overbygga med nedganger i ferd med å komma på plass.

Det er full fart over alt,  men mykje som står att. Kring påsketider vil vi vita om Gurine verkeleg kjem på sjøen i år…