Jøra-Knut´n

Det er rimeleg å tru at karane på biletet er arbeidsstokken til Jøra-Knut’n då Gurine vart bygd. Jøra-Knut’n ser vi midt på biletet med flaske og kopp i handa. Her vert det spandert utsetjedram og det er fartyet «Agnes» som er sett på sjøen denne dagen. Karane på biletet var nok med på «Gjøa» (1872), «Agnes» (1874) og «Gurine» (1875).

Dette er truleg eit av dei dei fyrste bileta som vart teke i Skålafjæro. Det hang på veggen i mange heimar på Skåla. Det var fleire som dreiv med fartybygging på den tida. I 1874-75 vart det bygd heile sju større farty her. Både Skaaluren, Jøra-Knut’n og Samslåtten trong arbeidsfolk. Og karane frå grendene ikring fann vegen til Skålafjæro.

Frå artikkel i Grenda av Knut E. Skåle

8 jun, 2011