Garner-motor til Gurine

Historia om korleis det gjekk til går inn i rekkja av historier om korleis det aller meste legg seg så utruleg godt til rette når Gurine-prosjektet tar fatt på nye utfordringar.
[nggallery id=35]

Gurine-prosjektet har tidligere fått råd om at ei skute som Gurine burde ha ein motor av merket «Gardner». Anders Jordal blei nyskjerrig på ein kutter som var til sals på nettet for ein rimeleg penge – på Sunnmøre. Han spurde om det var motor i kutteren, men fekk vita at det var det ikkje. Den var teke på land – og var eigentleg ikkje til sals. Men etter at eigarane fekk høyre om prosjektet og sjå bilete osb. ringde dei attende og meinte at Gurine fortjente ein motor av det slaget dei hadde.

Og slik blei det. Gurine-prosjektet fekk kjøpa motoren for kr. 90.000,- inklusive gir. I midten av august tok Jørn Hjelmeland – som hadde ein leveranse på Sunnmøre – motoren med på returen. No står han trygt plassert i Fjæreskulen i Skålafjøro.

Motoren er frå 1978 og har som sagt stått i ein kuttar på Sunnmøre. Han har faktisk gått 120.000 arbeidstimar, men har vore til fullstendig overhaling både innvortes og utvendig – og framstår mest som ny. Det er Måløy Båtservice som har stått for overhalinga. Dei er Gardner-forhandlar og det var faktisk dei som selde og innstallerte motoren i kuttaren då den var ny. Eit kupp vil nok dei fleste som har kjennskap til motorar meina!

Propellanlegget som stod i Gurine har vore til fullstendig overhaling på dugnad i Rosendal, og ligg klart til montering. Men først skal det leggjast hud og garnering i haust og vinter. Så skal motoren – naturleg nok – setjast inn før ein legg på dekket. Men før det vil ein og utrusta motorrommet med tanker og pumper. Dessutan vil ein ha på plass sentralvarme av den vannbårne sorten!

Då nettsidemedarbeidaren var på plassen dukka mangeårig skippar på «Mathilde» Audun Apelseth opp. Han meir enn godkjende valet av motor, og meinte Gurine-prosjektet hadde vore heldige då dei hadde få tak i ein slik kraftplugg!