Fransk visitt!

5. juni 2013 vitja to franskmenn på Rosendal for å sjå på Gurine. Laurent Perherin, leder av et stort skipsmuseum i Duarnanez, og Tanguy Chantier, leder av båtbyggeri. Desse samarbeidar med museet om å restaurere ei gammel hardangerjakt, Anna Rosa, som blei bygd i Gausvik mot slutten av 1800-talet. Gurine hadde dei oppdaga via nettsida (gurine.no) – og det var ikkje vanskeleg å få kontakt. Det var som å komma på besøk til gamle kjende sa dei, sidan det hadde sett bilete og fulgt arbeidet med Gurine på nettsida. F

ranskmennene var ytterst interessert i alt som hadde med trebåtbygging å gjøre. Først vart det omvisning i Skålurensamlinga, som fortel mykje om skipsbyggjing i Rosendal. Ferda gjekk vidare til Gurine – og det var tydeleg å sjå begeistringa då dei såg Gurine i «real life». Sterke følelser i sving. Så var det spørsmål og diskusjonar om detaljar når det gjaldt båtbygginga. Dei hadde og med seg ein presentasjon av Anna Rosa, og når bileta kom fram gjekk diskusjonane unna. Det gjekk litt på norsk og engelsk, men heldigvis fekk vi hjelp av «turistsjef» Karen Løvfall, som gjorde ein framifrå jobb som tolk.

Bakgrunnen for at dei restaurerar Anna Rosa i frankrike er trafikken med Hardanger-jakter som frakta fisk til Frankrike, og tok med seg olja og andre ting attende. Museet ynskja å ha ei skute som representerte denne trafikken og fekk tak i Anna Rosa i 1991. Dei er snart ferdige med spant og hud, og vil sjøsetja skroget, slik at folk kan fylgja det vidare arbeidet når skuta ligg i sjøen. Dei har litt anna føremon enn Gurine, dei skal nemleg ikkje sigla med Anna Rosa, men ha ho liggjande ved kai som eit flytande museum, for å visa korleis slike skuter var bygd. Det er liten tvil om at kjemien stemte – og at det vil vera kontakt mellom Duarnanez og Rosendal framover! Perherin og Chantier er allereie invitert til å vera med når Gurine skal setjast på sjøen att.