Gurine blei bygd i Rosendal i 1875. I 2011 kom ho tilbake til «heimbygda» for å bli restaurert. Etter 40.000 dugnadstimar ligg det an til sjøsetjing i 2019!

Årsmøte

Det blir årsmøte i Interesselaget 21. mars kl 18 i kaffibuo

Skutefest i Rosendal 23.-25. august

For tredje gong blir det skutefest i Rosendal 23.-25. august 2019.

Ny "meister" til Gurine

Åge Hjortland har teke over leiinga av dugnadsarbeidet på Gurine.

Bli med på dugnad

Det går gjetord om det gode sosiale miljøet i dugnadsgjengen! Bli med – anten du har spisskompetanse eller har lyst til å lera noko nytt! Ta kontakt!

Bli aksjeeigar!

Gurine kjem neppe på Børsen. Men om du kjøpar eit aksjebrev (kr. 1000,-) i Gurine vil du bli beden med på tur når skuta kjem på sjøen. Dette er og ei ypperleg gåve til den som alt! Ta kontakt!

Historia kort fortalt

Gurine vart bygd i Rosendal i 1875. Etter fleire mannsaldrar på havet kom ho tilbake hit i 2011. I 2019 er det planen å få ho tilbake til sitt rette elemnt – etter sånn ca 40.000 dugnadstimar!